Mandag 6 februar 2006

Life of Brian som gateteater

PERFORMANCE
Teaterhuset Avantgarden, Trondheim,
FunnySorryJesus
Av og med Baktruppen


Stuttversjon av Bibelen som gateteater der det meste er snudd bak fram. Det blir humor av slikt.

Det er underlig korleis små endringar fra det normale og tilvante kan gjere at det oppstår uventa og særs komiske situasjonar. Og det er endå rarare kor lite som skal til for å more ein, når berre situasjonen legg opp til det. Slik tenker eg etter å ha vore på sesongopning på Avant Garden i helga. Baktruppen har gjesta Teaterhuset med ei framsyning der dei snur opp ned på det vante når det gjeld tilhøvet mellom scene og sal. Og plutseleg oppstår det urkomisk teater av inkjeanande forbipasserande statistar.

Det vesle annleisgrepet Baktruppen gjer, er ikkje anna enn å spele på gata medan publikum sit benka bak panoramavindauga i teaterkafeen. Mens vi ventar på at det heile skal ta til, ser vi folk haste hus forbi, oppdage oss og stoppe opp. Meir skal det ikkje til for å gi oss eit kvarters humoristisk intro til det som er litt meir regissert. Men berre litt. For Baktruppen har laga sin eigen sjanger som gjer det vanskeleg å vurdere dei ut fra tradisjonelle målestokkar. Om du meiner at det dei presenterer er for enkelt, så kan dei gøyme seg bak at det skal vere slik. Dei er forfriskande frekke, annleis, men også tidvis litt lettvinte. Slik også denne gongen. Når dei endeleg kjem i gang, får vi først ei uredigert oppsummering av det vi alle har sett på gata, deretter amatørmessig allsongar i beste (eller dårlegaste festsongtradisjon), og til slutt ei søkt, men sjarmerande lenke mellom asfalt og Moses. Om det er oss, seg sjølve, eller teatret dei peikar nase av, skal eg ikkje seie, men så langt var ikkje dette særleg imponerande.

Men så kjem Bibelen på bordet, og vi får ein slags stuttversjon av skapinga, syndefallet, Moses, det siste måltidet og himmelfarten. Det er Life of Brian som gateteater, det er forfriskande frekk bruk av effektar, det er uventa gags, og intelligent humor i beste Monty Python-tradisjon. Med den pågåande blasfemidebatten som bakteppe, er dei meir aktuelle enn planlagt, men sjølv om parodiane er frodige og burleske, er dei ikkje eigna til å forarge nokon. Ikkje på gata i Tronheim i dag. Det er nesten synd, for det hadde vore fantastisk om ein trongsynt kristenfundamentalist tilfeldigvis hadde gått forbi.

Amund Grimstad