Ein annan dans med Baktruppen
Det gnissar trikot mot trikot. Det knirkar hud mot tregolv. Ein slange av fem menn og to kvinner kjem langs golvet.

Publisert: 16. nov. 2002, Bergens Tidende.

Baktruppen er i gang med si Autunnale-danseframsyning, «Identitanz». Svart trikot og skittengrå trikot. Det er stilt i lokalet. Baktruppen ålar seg inn på rygg. Baktruppen reiser seg ved veggen. Forsiktig kvinnelatter frå publikum ved synet av mennene. Under trikoten bular det heftig i lysken.

 

I pressemeldinga står det at det at Baktruppen har «utvidet dansebegrepet og inkorporert større rørsler som samferdsel, gravitasjon og sentralisering».

 

Det kan vi forstå. Gong etter gong makkar Baktruppen seg inn over golvet. Stadig nye formasjonar. Dei buktar seg fram langs heile golvet. Reiser seg. Står i ro. Går ut. Forsiktig latter frå publikum. Dette er ikkje sving. Dette er ein annan dans. Ein jordnær dans til gnisse- og skrapelydar frå hud og trikot.

 

Så går dei under jorda. Ein etter ein kryp under ei lang svart plastmatte. Dukkar opp att og vert ståande.

 

En av dei gulgrå spring ut. Dei andre vert berre ståande.

 

- Vi hadde tenkt å spille litt fin musikk for dere mens vi danset, men så er det en sikring som er gått, seier ei av damene. Det blir stilt. Pinleg stilt.

 

- Men baren er åpen, legg ein annan baktruppar til. Forløysande latter.

 

Så ordnar alt seg, musikken kjem. Røykmaskina verkar. Baktruppen flettar seg på ny saman til ein tett biomasse som glir langs golvet. Dei pustar tungt no. Det ligg ei stripe av sveitte etter dei. Det er vakkert. Svært vakkert, og grotesk på same tid. Det er ein annan dans. Det er hardt arbeid. Det er kollektivt grasiøst.

 

Så sit dei der hand i hand. Det er stilt att. Ei kvinne gret stilt. Slår over i høge hulk. Ein mann byrjar også å gråta. Liten og tjukk i svart trikot. No er det ingen som ler.

 

Baktruppen låser seg saman i ei ny lekkje av kroppar. Lår klemmer seg rundt halsar. Dei buktar vidare. Dett er ein annan vals.

 

Så reiser dei seg. Etter tur vert dei løfta opp og borne over golvet. Gjennom røyken.

 

«Identitanz» er verkeleg ein annan dans. Lysår frå svanesjøen! Men vakkert var det, morosam og grotesk.